Veiret kan ein ikkje gjere noko med.

Men blir det for ille kan ein som ei slags trøst velge å interessere seg for det..

Difor denne nettstaden.

Her finn du veirdata frå ein veirstasjon på Vevlingen i Florabassenget og ein på Litlebøen i Sunnylven.

Begge desse er av typen Davis Vantage Pro. Visinga er ulik, for Vevlingen har vi valgt ein "widget" frå Davis. For Sunnylven blir grafar lasta opp frå sjølve veirstasjonen. Vi forskar på andre metoder for dette..